søndag, desember 24, 2006

Gledelig jul!!!

Med dette innlegget vil eg ønska alle ei velsigna og fredfull jul og gode dagar sammen med familie og gode venner! :)

No er julafta nylig over....Denne dagen gjekk, som 24.desember alltid pleier å gjere, ganske fort. Plutselig var den over. Berre 364 dagar igjen til neste gong.
Litt rart å tenka på alle dei drøssevis av små og store forberedelsar ein gjere/må gjere til denne eine dagen i året....
Anyway e det ein herlig dag. Ein står opp, ete ein god frokost og sette seg ved tv'n, ofte i selskap med andre familiemedlemmer. I år såg eg faktisk "3 nøtter til askepott" for første gang på særs mange år. Deretter e det julegrøt med familien, før det bære av sted til kyrkja. I år var det rekordtidlig julegudstjeneste her; kl.15!!!! Etterpå bar det heim til hyggelig samvær med familien, mormor og 1 stk slipspynta stilfull svart hund :)

Maten på julaften (elle julafto so me lokale seie) e eit kapittel for seg sjølv. Store mengdar pinnekjøtt, poteter og kålrabistappe - magnifique!! :D (torsk og lutefisk e berre tull!!) Deretter gele, molter og krem til dessert, og seinare på kvelden is, kaffi og kaker :)

Etter ein tradisjonsrik julemiddag, kjeme eit høgdepunkt for dei fleste; gaveopning!!! Samtidig kan det ve på sin plass å retta ein advarande peikefinger mot alt gaveståket. Hovedpoenget med jula er at Jesus kom ned til jorda for over 2000 år sidan for å frelsa oss :) Dette poenget e det dessverre mange som ikkje bryr seg nevneverdig om - i staden for e gaver, gaver, gaver blitt det viktigaste. Fleire kjøper ekstremt dyre gaver, f.eks. Ferrari (http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=146748) eller smykke til 270.000 (huske ikkje kva nettavis det sto i).
Gaver e vel og bra, men tenker ein seg litt nærmare om, kunne ein kanskje brukt litt av gavebudsjettet på ein litt annan måte...

Ein ting ein ikkje alltid tenker over no i denne gledens høgtid, e at det ikkje e alle so har det like bra som dei fleste av oss, verken her i landet, og ikkje minst i resten av verda. Eg e utrulig heldig - kan feira jul sammen med ein fulltallig, frisk familie i eit trygt land. Me har det godt og varmt i huset, og meir enn nok mat på bordet. For alt for mange andre menneske e virkeligheten totalt annleis no i denne høgtida.....dårlig økonomi, rusmisbruk, einsomhet, bustadløyse, krig, sjukdom, død osv e dessverre dei harde realitetane for mange....
Tenker ein seg litt om, gjer det då ikkje so mykje om ein ikkje fekk akkurat det ein ønskte seg til jul...

No i desse gavetider kan det også vere lurt å tenke på om ein kanskje sku gitt ein liten slant til folk som ikkje akkurat har i overflod. Når ein har råd til å svi av tusenvis på presangar, har ein råd til å gi frå seg noken kroner i t.d Frelsesarmeens julegryter i tillegg. Var på julehandel i bergen den 22....kasta noken kroner oppi gryta, men sett i forhold til kva eg brukte på presangar + ting til meg sjølv den dagen, var det lite, altfor lite...

På julegudstjenesta var det kollekt ved utgangen. Den gjekk til Kirkens Nødhjelp. Ifølge mor & far (som sto med bøssene) var det ikkje akkurat store summar som kom inn....Trist, i og med at kyrkja var stappa full...og på denne dagen bør det vere mulig å gi ein god slant til ein organisasjon som i jula jobbar for at folk som ikkje har ein god heim med middag og gaver og familie skal få ei meir verdig og minneverdig jul.... Også ein ting å merka seg at blant dei mange som e i kyrkja omtrent kun på julafta og omtrent aldri ellers i året, var det lite pengar som blei gitt. Hadde kollekten gått til kyrkja sitt lokale arbeid, hadde dette vore litt meir forståelig, men når pengane går til eit so bra formål som dei gjer, burde ALLE kjenna si besøkelsestid. Av alle desse som ikkje såg kollektbøssene/hadde det travelt/hadde glemt lommeboka etc, vil forhåpentligvis ein del ringa noken givartelefonar i løpet av jula/betale ein slant via internett :)

Noko av det eg sette aller størst pris på med jula, er å få vere heime med familien + treffa slektningar og venner. Mange av desse ser eg nesten berre i jula, selv om eg gjerne skulle sett dei mykje oftare. Eg e utrulig glad for min fantastiske familie (+ slektningar) og alle dei utrulig gode og flotte vennene eg har - eg e rett og slett ein vanvittig heldig og priviligert fyr!!!!! :)
Ein av desse kanonbra vennene mine, Arne, har skrive eit blogginnlegg om nettopp dette temaet - stikk ein tur innom www.arneundheim.blogspot.com og les...

Takk for alle flotte presangar, MSN-helsingar, SMS'ar og helsingar eg har fått idag...det har vore med å gjort dagen knallbra. Gud har sannelig velsigna meg rikt :)


God jul, alle sammen! :)

3 kommentarer:

Arne sa...

Takk for at du skreiv det erlend! 1000vis av krone på gava.. 20vis av krone på veldedighetsshit.! eg fekk windstopperfleece t jul, en annen fekk lungebetennelse..! Konge at du belyse temaet, kanskje noen nå åpne nettbanken sin litt på gløtt! for der en gir, får en..

God Jul! ;D God Jul! God Jul!

Anonym sa...

GOD JOL ERLEND!!

Jan Tore sa...

God jul, Erlend! Nytt design og greier på bloggen til jul. Ikke verst... Bra innlegg også. Viktig å være bevisst på eget forbruk i forhold til andres fattigdom.
Du er en god mann, Erlend! Vi prates over jul når vi er tilbake i Motzfelds, om ikke før... Nyt jula videre, og kos deg masse!