søndag, januar 21, 2007

Theatre of dreams....


Oh! We're going to Old Trafford, oh, to England!
We're gonna watch man united, on the theatre of dreams (melodi: "we're going to ibiza")
Mandag 8.januar kl 23.54 - incoming call
K.A: du....ska'kke være med på united-kamp da? om mindre enn 3 uker, på Old Trafford. FA-Cup mot Portsmouth.
Erlend: Oi! Det høyres fristande ut.
Samtalen forløper videre, to fotballfrelste gutar bestemme seg for å reisa.
Mindre enn eit døgn etter....billettar og flybillettar bestilt :)
Ja, om mindre enn 5 dagar reise me. Eg og K.A (Kaare André) på ein skikkelig guttetur - til Englands største fotballstadion (over 75.000) for å sjå favorittlaget vårt - Manchester United. Min første United-kamp noken sinne, K.A sin første på Old Trafford. Lørdag 27.januar kjeme til å bli ein heilt spesiell dag i det me står framfor Old Trafford, ein av fotballhistoriens mest kjente arenaer, banen til ein av dei mest kjente og sagnomsuste fotballklubbane i verden. Fytti! :)
Sitat K.A: "Den eneste gangen du får se meg gråte, Erlend, er når vi står utenfor Old Trafford før kampstart."
Det kjeme til å bli heilt rått. Håpe United klare å reisa seg etter dagens blemme mot Arsenal, som gjere at Russeren sin klubb (Chelsea) fremdeles e usle 6 poeng bak. Men på lørdag e det cup, og som Arne Scheie har sagt: "cup er cup". Alt kan skje. Portsmouth e eit av dei bedre laga i England. Dei har 2 tidligare Arsenalspelarar på laget, Kanu og judas-Campbell. For ikkje å nevna tidligare Liverpool-keeper David James, som har eit vanvittig høgast-nivå og eit like vanvittig lågast-nivå...ein av verdens mest ustabile keeperar (skjønt etter han forlot Liverpool for mange år sidan og kutta ut Playstation-spelinga ut i dei seine nattetimar - førte til at han sleit med å sjå ballen på innkommande innlegg i boksen) har blitt stadig meir stabil. Håpe at ingen av desse 3 har dagen :D
17.15 lokal tid brake det laus denne dagen.
Dagen etter blir det pilegrimsferd til Megastore - United-butikken på Old Trafford + museet.
Men, først står mykje planlegging for tur. Bagasje må pakkast, kart må lesast, songar må øvast på, og helst bør me øva oss litt på engelsk også (på denne fronten e det tynt) :)
Så slå på tv3 kl 18.15 på lørdag. Kanskje du får sjå to kjentsfolk på ein engelsk tribune synga med sine vakre røyster og slenga ut nylig erverva lokale gloser til dommaren og Portsmouth-spelarar :)

1 kommentar:

Anonym sa...

erlend! eg leita itte deg på tv men fant deg ikkje.. men eg savne deg! og håpe du e frisk igjen!