fredag, november 10, 2006

åh Sagavoll!!!

(OBS! Langt blogginnlegg. Du e herved advart :) )

Første helga i november var eg i Sauherad.


Kor i alle dagar e det? spør du kanskje.


Er det mange sauer der?


Nei, i motsetning til kva kommunenavnet antyder, såg eg ikkje så spesielt mange sauer der ifjor då eg budde der. Sauherad ligg i Telemark, midt i skogen, ca 7 km frå Bø (som sikkert e meir kjent pga Sommarland)


Koffø i huleste budde du i Sauherad ifjor? Ka e det å finna på der? Desse spørsmåla har mange stilt i stor undring.

Vel, hausten 2005 hadde det seg sånn at eg tok Haukeliekspressen til Gvarv (sentrum i Sauherad). Målet var Sagavoll, ein tradisjonsrik kristen folkehøgskule eg hadde høyrt mykje godord om. Her skulle eg leva tett sammen med over 120 andre ungdommar (eller unge vaksne for å ve heilt korrekt) + lærarar og administrasjon det neste året.

Ein veit aldri kva eit år på folkehøgskule vil bringa. Det er noko av det stiligaste ved dette året. Ein kan høyra med andre kva dei har opplevd og gjort på, men DITT år blir ikkje det samme som DEIRAS. Nettopp DITT år e eit stikkord på folkehøgskule.

Du får:
Bli kjent med ein fantastisk gjeng frå alle kantar av landet
Oppleva eit glimrande samhold og flott og trygt miljø
Utfordra deg sjølv på mange måtar
Læra deg sjølv bedre å kjenne
Gjort masse ting du aldri har hatt sjansen til å gjera tidligare
+ masse, masse meir

Eg e glad og utrulig takknemlig for at eg fekk ha MITT år på nettopp Sagavoll.
Egentlig skulle eg ikkje ha gått på Sagavoll 2005/06. Hadde eg ikkje hatt ein lang og god samtale med ein av mine beste venner etter ei korøving juni 2004, hadde eg sannsynligvis aldri gått på Sagavoll. Planen var lagt; etter ferdig vidaregåande 2004 skulle eg på Rauma folkehøgskole i Molde 04/05. Kva eg skulle etter dette, var uvisst. Kanskje militæret, kanskje college i USA.
Svarbrev var sendt inn og påmeldingsavgift betalt. Likevel hadde eg ikkje den rette magefølelsen.....ikkje i det heile tatt. Denne junikvelden prata me om muligheten for at eg skulle ta siviltjeneste i Norheimsund 04/05. Magefølelsen sa meg at eg skulle det. Hadde brent meg fleire gonger før på å ikkje følga magefølelsen (f.eks. ved valg av vgs), so denne gongen bestemte eg meg for å prøva. Telefonar blei tatt, mail blei sendt, avtalar blei gjort.
2004/05: Sivilarbeidar i NIL Hardanger (fotball & bordtennis). Mykje kan seiast om dette året, men går ikkje djupare inn på det no. Til tider lurte eg på kva i alle dagar eg hadde gjort....hadde den "rette" magefølelsen også ført meg bak lyset?

Det nærma seg juletider, og dermed også for å søka seg til noko lurt kommande skuleår. Rauma frista av ein eller annen grunn ikkje lenger. Prata litt med Sindre (Sid) om kva hans planar var. Svaret var kort og godt: Sagavoll!
Hjernen begynte å kverna....Sagavoll....visste om fleire som hadde gått der....internett blei tatt i bruk for meir info. KRIK-linje: eit år med masse moro og haugevis med aktivitetar. Dette høyrtes unektelig lovande ut! Eg søkte, og 1.februar kom eit av dei mest betydningsfulle dokumenta i mr Skeie Langelands liv i posten. Eg kom inn! O jubel, o glede!!! Eg gledde meg skikkelig, og magefølelsen va god.


Me spoler fram til mandag 22.august 2005. Bussen stoppar. Ved holdeplassen står det to voksne menn og smiler. 2 gutar (meg og Sid) og ihvertfall 10 jenter frå Hordaland hopper ut av bussen og dreg ut digre sekkar og bager fra lasterommet. Glade og spente. Glade for at ein lang busstur e over, glade for å vere ved reisas mål. Spente på kva det kommande skuleåret vil bringa.

Middag i matsalen (det første måltidet av veldig mange det neste året).
Så samlas me i gymsalen. Over 120 unge menneske kikker fram på scena. Dei har eit uforglemmelig år framfor seg.

Dagane går. Dei fleste slite skikkelig med å læra seg navna på medelevane. Elevguiden er flittig i bruk hos underteikna. Stemninga løyser seg opp. Folk blir kjent. Latter og moro. :)
Underholdning, fotballkamp mot personalet, skuletur til Teksten Camping, åpningsfest med våre kjære foreldre, Telemarkstur m.m.
Personalet gjer ein kjempeinnsats, dei 4 stipendiatane og sivilarbeidaren likeså.
Sola strålar, dagane går. Ikkje noko lekser, ikkje noko skulemas. God mat står på bordet til måltida, gode madrasser gjer at ein kjeme god utav litt for lite søvn om kveldane.

Sagavoll blir ein heim. Nesten nedtur å reisa heim i høstferien. Desto kjekkare å komma tilbake til Sagavoll og treffa folka igjen.

Fleire stikkord frå første halvår:
- 80-talls party
- Fotballkamp mot Grenland (vinne 5-4 etter å ha ligget under 1-4 etter 50 min). Tidenes beste tribunestemning i nokon kamp eg har spelt.
- Fint vær
- Masse gøy med KRIK-klassen; curling, boksing, spinning, fotball, beachvolley, m.m
- Mange seine kveldar
- Team-building
- Musikal
- Julefest
- Kort og godt: masse gøy! :)

Juleferien kjeme. Godt å komma heim og treffa familie og venner. Moro, god mat, god stemning, fotball og kos :)

2.januar brakar det laus igjen. Tilbake til Gvarv. Tida går for fort, samtidig e det lang tid igjen.

I Gvarv er det enorme mengdar snø, og meir kjem det. Capture the flag, snøleikar og akebrett!

Utover vinteren:
- Telemarksmodul
- Hermon (o lykke!)
- Masse KRIK-moro: skihopp, langrenn, snowboard, ishockey m.m.
- Fremdeles mange seine kveldar
- Kjendis-party
- KRIK-tur til La Santa (tennis, sykling, surfing, bading, sol, fotball og god stemning)

Plutselig e det påskeferie. Shit!!!! Då me kjeme tilbake e det knappe 3,5 veker att.
Året e i ferd med å ta slutt! Dette fantastiske året... Tid: Stopp opp, please! Det gjer den dessverre ikkje :(
Vekene suser avgårde; MYSA-uke, Barnas Dag, linjeveke, foreldreavslutning m.m.

Siste veka.....går rundt og kvir meg til lørdag 13.5. Då ska me bryta opp og gå kvar til vårt. Mange av oss vil treffast igjen ved seinare anledningar, men dette året vil me aldri oppleva maken til.
Felles skuletur, strikkhopping, vasking og rydding er noko av det som står på programmet desse dagane. Dei etterlengta årbøkene kjem. Eit par kveldar går med til å skrive helsingar til alle dei fantastiske folka eg har blitt kjent med.

Så kjem fredagen. Internatene e so godt som ribba. Alle bilder, plakatar, rot og enorme mengder sko er borte vekk. Dagen går. Huske ikkje so masse av det eg gjorde på dagen. Spelte fotball med gjengen kanskje? Beachvolley? Sløva i sola?

Kvelden kjeme. Me sitte pynta til bords. Det siste måltid (for alle samla - noken reiser før dei andre). Eg vil ikkje slutta!!! Kan ikkje alt berre vare litt lenger?? Skulle gitt masse for å gått her til midten av juni, slik som me gjer når me går på "vanlig" skule.
Masse god mat, god stemning, song og latter, mimring og tårer. Siste dag i paradis. Kvelden og natta blir lang....få (om noken) so døgne...alle e trøtte og slitne.....

Morgonen gryr. Er ute og går litt. Ein nydelig morgen! Ironisk nok...fantastisk bra vær på ein kjempetrist dag. Går inn på rommet og tar ein liten lur. Siste timane i den fantastiske senga på G5. Våkne og går mot matsalen. Vidar & Sid ligge og søve i dagligstova (me skulle jo døgna...hehe). Siste måltid i matsalen....

Så e det samling ved Asbjørn-statua. Avskjedssamling. Masse tårer. Klemmar. Eg prøve å helda maska, men det går berre ei lite stund. Me gråter og klemmer kvarandre. Eg grine, samtidig som eg smile. Har fått so utrulig mange flotte venner her, og kvir meg til å reise. Noken vil eg sjå igjen i nærmaste framtid, andre vil det gå lenger tid til eg ser igjen.

Lillesøster Ingrid kjeme. Ho sitte og vente i bilen ei stund. Ser at tøffe brodern vise sine sentimentale sider.

Folk reiser gradvis. Eg e blant dei siste som e igjen. Eg og søster stappe flyttelasset inni bilen. Frå no av e eg ein ex-granheimsgutt. Åh...kjeme til å savna internatet, miljøet, Gvarv, kort sagt alt.

Me kjøre ut frå Sagavoll-porten.

Ein fantastisk del av livet er over. MITT år, som gjekk so altfor fort, og likevel var so innholdsrikt. Mange timar i bil ligg framfor oss. Ingrid kjøre heldigvis. Eg e heilt totalt utslått.....eit digert antiklimaks etter eit vanvittig år. Ein kraftig forkjølelse e i anmarsj...sannsynligvis grunna lite søvn siste vekene.

Eg ser gjennom årboka, minnene kjem veltande fram. Noken tårer dukker opp i augekroken. Eg smiler, takkar Gud for alt eg har fått oppleva dette året, og sovnar.




Fortsettelse kjeme i neste blogginnlegg...