mandag, juli 30, 2007

Norheimsund-treffet for Sagavoll 05/06-kullet....INFO!!!

NORHEIMSUND-TREFFET

Velkomen til Norheimsund, ei perle mellom fjord og fjell i Hardanger, og ikkje minst åstad for sommarens treff for Tidenes Sagavoll-kull, nemleg 05/06!!! :)
Tid for å mimra, tid for å prata om alt som har skjedd sidan sist, tid for å berre
"vere"!

Fantastisk at nettopp DU kjem!!!! Me vonar og trur at dette blir ei triveleg helg med mange gode opplevingar saman
med masse flotte menneske :)

Vidare fylgjer litt info.

Tid: torsdag 2.august til sundag 5.august

Ankomst: Me reknar med at dei fleste kjem torsdagen, medan nokre dukkar opp dagen etter.

Påmelding:
MELD FRÅ KVA DAG OG EVT CA KVA TIDSPUNKT DU KJEM på mail sagavoll0506@hotmail.com, eller til Erlend
på Facebook snarast mogleg. MELD OGSÅ FRÅ OM DU IKKJE KJEM (t.d på facebook-event'en er det ganske mange som står oppført på "maybe attending"). Dette gjer det enklare for oss å ha oversikt her i administrasjonen :)

Dersom du kjem med buss, er det buss-stopp i nærleiken av der me skal overnatte, evt kan me plukka deg opp i Norheimsund sentrum. Hugs då å melde frå kortid du er her på telefon til Erlend (41 20 82 68)
Me oppfordrar folk til å køyre mest mogleg samla (flest mogleg i bilane - folk frå same plass etc), fordi det er ein fordel miljømessig sett (både sosialt og mht global oppvarming no i desse ulvetider) :D Dersom du kjem før torsdag (onsdag), er det heilt i orden. Likeeins dersom det er nokon som blir til mandagen. Hugs å spesifisere dette i påmeldinga.

Fint viss dei som skal køyre med eigen bil kan melde ifrå også.

Overnattingsstad:
Me bur gratis på Norheimsund Vidaregåande Skule, som ligg ca 3 km frå sentrum retning mot Bergen. (dersom du skal finne køyrerute på internett, er adressa Dalatunv. 40, 5600 Norheimsund. Tlf 56 55 65 00).
Av dei få krava som me vert stilt, er at me har brannvakter om nettene. Dette tar me ein runde på torsdagskvelden, slik at folk kan melde seg frivillige. Brannvakt er gøy! :) Dessutan vaskar me ut på søndagen.

Ta med:
- Sovepose/dyne
- Liggeunderlag
- Det du treng av utstyr til personleg hygiene
- Klede & sko
- Pengar til mat og underhaldning
- Beachvolleyball viss du har
- Fotballsko for fotballinteresserte
- Godt humør

Dersom du treng noko anna for å føle deg tilfreds, komplett og fullstendig til stades; ta det med! :)


"PROGRAM"
Me satsar først og fremst på at det skal vere ein avslappa og "chill" atmosfære denne helga. Mange har tatt seg fri frå jobb og
strev og møye og har kanskje ikkje så lyst å trykka på turboen heile tida. Likevel er det alltid greit å ha noko folk kan ta seg til, enten
felles alle saman og i mindre grupper. Difor har me fylgjande forslag:

Torsdag:
Ikkje noko spesielt opplegg. Me møtes. Sosialt samvær. Kosing & klemming :)

Fredag:
Tur til vakre Bergen by for dei som vil - Reiseleiar: Sid. I nabobygda til Norheimsund (ca 7 km køyring) er det både bowling og golfbane for dei som vil det. På kvelden blir det fotballkamp på Norheimsund Stadion mot juniorherrelaget til Norheimsund. Då reknar me med at alle møter
opp og heiar fram laget til siger i god 05/06-ånd! :)
Etterpå blir det felles kvelds med panoramautsikt over bygda oppe hjå Erlend.

Laurdag:
Tur til Folgefonna skisenter for dei som verkjer etter å ha snø under beina (skia). Fjelltur dersom interesse og godlynt vêr. Golf og bowling for dei som vil.
Felles grilling @ Sindre's mansion ca kl 18.

Søndag:
Pakking og vasking. Avskjed (snufs!). For dei som ikkje reiser heim denne dagen, finn me på eit eller anna kjekt :)

Dersom det for ein gongs skuld blir fint vêr denne helga, er det mange flotte badeplasser, og også beachbane i sentrum. I motsetnad til kva mange trur, er det ein relativ storleik på Norheimsund, og me har både masse matbutikkar, pizzarestaurant, kebabsjappe, KRIK, kunstgrasbane, ballbinge m.m. Altså noko for einkvar smak.
Sannsynligvis har me også tilgang på ein kjempeflott bedehuskjellar (den er betrakteleg finare enn kva ordet tilseier). Her er det gode sofaer, bordtennisbord, airhockey, scene (m/instrument?) og storskjerm m.a. Dette kan t.d. vere ein aktuell hengeplass dersom
regnet ausar ned.

Desse aktivitetane er ikkje noko tvang, berre moglegheitar og forslag til ting det går an å finna på saman med dei kjekke folka du har rundt deg denne helga. Forslag til andre aktivitetar vert teke imot med stor takksemd. (Kanskje nokon t.d. vil ha ein mini-konsert, vise film frå Sagavoll e.l.)

Til slutt vil me presisera at me ikkje har emailadressene til alle saman (det at me begge har årbøkene utilgjengelege er heller ikkje med på å gjera saken betre, så me oppfordrar alle som får denne mailen til å senda den vidare til andre på 05/06-kullet. På den måten er me då omtrent 100% sikre på at ALLE får den, uansett om dei skal på treffet eller ikkje. Det er betre å få 37 mailar for mykje enn 1 for lite! (i dette tilfellet) :)

Me håpar me har fått med det meste (i alle fall det viktigaste) i denne mailen. Nokre vil kanskje reagere på at alt er skrive på nynorsk, men me håpar at alle forstår det viktigaste. Dersom du er hugen på meir info, ser at me har
gløymt noko, ikkje veit kor Norheimsund ligg, eller rett og slett ikkje liker/klarer å lesa nynorsk, send mail til

sagavoll0506@gmail.com eller ring:
Sindre (93 84 09 21)
eller Erlend (41 20 82 68)

For dei som har Facebook, ta kontakt med oss der eller sjekk ut event'en Rebekka har laga.

Då står det berre at å ynskja nettopp DEG hjarteleg velkommen til Norheimsund!!! :)

Vyrdsam helsing
Administrasjonen
v/ Erlend "The Skink" Skeie Langeland
& Sindre/Sid "The Hunk" Stene Kolstad

onsdag, mai 02, 2007

Følelsen av tomhet....



Uret viser 23.15. For ein knapp halvtime sidan blei Champions League semifinale kamp 2 mellom Milan og mine engelske venner blåst av. Resultat: 3-0 til Milan, 5-3 sammanlagt, og avansement til finalen for italienarane. Me er utslått....det såg så lyst ut etter sist tirsdag med 3-2 seier på overtid, og ein finale blinkande i det fjerne, 8 år sidan sist.




Denne karen scora 3-2 målet :)









Slik skulle det ikkje gå. Milan tok leiinga etter 11 min, og då ringreven Seedorf la på til 2-0 etter 30 min etter ein førjulspresang frå vår argentinske venstreback, fann eg ut at dette ikkje var vår kveld. Dei raude djevlane sitt spel var stilleståande og fantasilaust, og særs få sjansar blei produserte.


3-0 kjem på ei kontring 12 min før slutt.


Kampen blir blåst av.



Tomhet....





Slik føler ein seg då (sjølv om ein ikkje spelte kampen)
Men me skal reise oss. I år blir det sannsynligvis ligagull etter 4 års pause, og kanskje attpåtil ein FA-cup seier mot rubel-Chelsea :)
Keep the red flag flyin' high, 'cause Man United will never die!
God natt :)

fredag, april 20, 2007

men bloggen var ikkje død....

Hordar av lesarar har den siste månaden uttrykt bekymring grunna manglande oppdatering på bloggen, og lurar på om forfattaren er sunken i jorda. Det er eg slett ikkje, kjære alle dykk. Eg er frisk og rask (vel....i alle fall frisk) og har fått oppleva mykje dei siste vekene, for ikkje å seie månadene. Har diverre ikkje vore flink til å leggja ut på bloggen i denne tida, men frå no av skal det bli ei radikal forbetring. Leser ofte bloggane til mine kjære venner, og tanken: "dette er ein kjekk blogg, denne blir oppdatert ofte, denne er gøy å lesa" dukkar (ofte) opp. Så tenker eg at eg er altfor dårlig til å oppdatera min, og at eg bør bli flinkare til å oppdatera, slik at folk kan få lesa om alle dei kloke tankane eg har og alt det spennande eg opplever i mitt fartsfylte liv.
Frå no av skal ord bli til handling. I ein bisetning bør det nemnast at det er lurt og utviklande å la skrivekløen få utlaup av og til, særleg dette året då eg har skrive skuleoppgåver sjeldnare enn det regnar i Atacama-ørkenen. Gje meg gjerne positiv eller negativ kommentar på dette innlegget. Tilbakemelding er kjekt å få...då ser eg og at det faktisk er folk som er innom denne bloggen av og til. No når den skal oppdaterast oftare, er det ingen grunn til å droppa besøka :)

For å heidre nynorsken som skriftspråk og målform, skal eg skrive dette innlegget på skikkeleg nynorsk, og ikkje Norheimsund-dialekt slik eg vanligvis gjer. Sist gong eg skreiv noko på nynorsk er frykteleg lenge sidan, og skrivefeil kan derfor førekoma.
I år har eg bokmål som målform av to grunnar:

1) Når alle pensumbøkene og så og sei det meste av litteratur og kultur i Oslo er på bokmål (bortsett frå Noregs Mållag då - men dei har eg enno ikkje besøkt), blir det fryktelig vanskelig (sjå der ja....det heiter sjølvsagt "frykteleg" og "vanskeleg" på nynorsk...eg er i ferd med å mista ein del av min eigen identitet...) å måtte skrive på ei anna målform. Litt same problemet trur eg ein del psykologi-studentar kan ha når dei skal skrive oppgåver; her er lærebøkene på engelsk. Det blir litt sånn som å spele keeper på fotballtreninga, medan ein blir satt på venstrekanten i kamp....

2) Sjølv om eg har budd sånn ca 15 år i hjartet av Hardanger, der nynorsken har stått sterkt, har eg sidan vidaregåande vore betre å skriva sidemål (bokmål) enn hovudmål (nynorsk) - omtrent 1 karakter betre. Dette har mykje med at ein blir påverka av at media inneheld sånn ca 98,4% bokmål (minst), sjølv om nynorsken skal visstnok ha ca 20%. Ta film/tv-teksting til dømes....kor mange seriar/filmar kan du hugse å ha sett teksta på nynorsk (bortsett frå "Med hjartet på rette staden")??? Når det gjeld denne serien, er det nærast fascinerande at så mange folk i dagens tidsklemte samfunn, spesielt vaksne i sin beste alder, flokkar seg rundt tv-skjermen laurdagskveldane kl 21.30 år etter år. Ifylgje den norske kulturen skal ein helst vere ute på byen på denne tida og helst drikka litt for mykje i løpet av kvelden og natta. Har du nokonsinne sett ein pub med storskjerm som viser "Med hjartet på rette staden" ein laurdagskveld?

Noko som trekkjer stort med denne serien, må først og fremst vere at den føregår på landsbygda. Aaah...landsbygda...ute på landet....dette bringer gode assosiasjonar hjå dei fleste. Ro og fred, fjernt frå storbyens mas og tidsklemma, landsbygda lokkar fram romantiske førestillingar om eit bekymringslaust liv, bunad, mjølkekyr og norske flagg vaiande på ei stang i midten av tunet pa garden, medan ungane spring rundt og leikar. Bygda er ein trygg stad der alle kjenner kvarandre, og det skjer lite kriminelt. Når det først skjer noko, er det relativt enkelt å oppklare, sidan miljøet er såpass oversiktleg.

For det andre må det vere at serien er teksta på nynorsk. Sjølv om mange av tv-sjåarane forstår heller lite nynorsk, er alle einige om ein ting. Nynorsk er "ekte vare," nynorsk er autentisk. I den nasjonalromantiske draumen er bonden ein kar med flott bunad, han har mange mjølkekyr og mange budeier (som også har bunad), og han talar nynorsk. Garden ligg fint til mellom fjord og fjell. Lite er meir autentisk og eksotisk enn bygdefolk som talar nynorsk.



Det blir ikkje meir nasjonalromantisk enn dette :)



















Alt i alt kan me konkludera med at nynorsken framleis har ein viss appell til folket, sjølv om mange ausar ut eder og galle over målforma og bruker meir tid på å kritisera sidemålsordninga enn å gjere meir nyttige ting (til dømes gjera lekser, engasjera seg politisk, eller vera heime ein laurdagskveld for ein gongs skuld og sjå "Med hjartet på rette staden saman med foreldra sine).

Vel, dette kan me trygt kalla ei slags avsporing....no kjem det eg opprinneleg hadde tenkt å skriva om....








USA er eit sprøtt land. Ser du ei sær eller oppsiktsvekkjande nyhende når du surfar på nettet, er sjansen urovekkjande stor for at dette har skjedd i USA. Landet har ca 5% av verdens befolkning, men eg tør tippa på at det er grovt overrepresentert (ein stad mellom 50% og 75%)på nyhendefronten når det gjeld voldelige og sprøe ting. No for nokre dagar sidan klikka det fullstendig for ein student der borte. Han drepte over 30 personar. Denne saka er dessverre ikkje eineståande; liknande saker har skjedd med jamne mellomrom borte i Statane.

No ei litt meir lystbetont sak frå "over there":

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=172033





Eit esel som må i vitneboksen! Kva gjer du meg??? Berre amerikanarar kan finna på noko slikt. Når eselet først må trekkast fram i rampelyset, med negative psykiske ettervirkningar dette kan gje for eselet, må det sjølvsagt ta seg godt ut. Og det går ikkje an å ta seg betre ut enn med det amerikanske flagget rundt halsen. God Bless America...


Eg har budd i USA. Då veit du det.

God natt! :)

mandag, mars 26, 2007

Fest og moro i kollen m.m

Jaja, då e det omsider klart for ein oppdatering. Grunnane til at det har tatt 2 månader e mange; problem med innlogging til blogger, maskina har låst seg fleire gonger når eg har skrive innlegg + at eg har vore litt giddalaus. Her e ihvertfall nyaste oppdatering:

16.-17.mars skjedde ein av årets større sensasjonar. Blix kom stormande heim på fredagen rundt middagstider og utbasunerte at han skulle ut på tur og overnatta langs Holmenkoll-løypene. For dei av oss som kjenner Blix er det ingen hemmelighet at Stavanger-gutten med dei dyre D&B-skoa har heller lite friluftserfaring. På ein skala frå 1-10 ligge han nederst. Det e heller ingen hemmelighet at me andre gutta (JT, LT og meg) sjelden e ute i naturen med sekk og sovepose - me KRIK-gutta frå 05/06-kullet har tross alt eit rykte å ta vare på!

Kva hadde skjedd med Blixegutten???? Spørsmåla surra gjennom hodene våre. MF-Jon hadde drive og overtalt han heile veka, og omsider hadde Blix slukt agnet rått. Det må nevnast at det meste av utstyret og kleda Blix tok med seg på turen, fekk han låne av Jon.

Full av iver prøvde Blix å hause oss opp til å bli med. Eg tenkte: "Why not? Dette e ein once in a lifetime sjanse," og sa ja. Tross store protestar og usaklige argument frå dei to andre pakka me og gjorde oss klare. At Blix ikkje e særlig turvant, fekk me nok ein bekreftelse på då me ferska han i å pakka ned ein porselenskopp han hadde tenkt å bruka ute :)




Litt seinare sto me på Majorstua t-bane, klare til tur. Sammen med Jon og fleire andre rutinerte turgåarar kom me etter kvart fram til Jon's spot, med orkesterplass til skiløypa.


For dei som ikkje har vore i Kollen kvelden før verdenscuprennet; det e ein kjempestor folkefest med innslag av store mengder ildvann. Mengder av menn i sin beste alder som forlet kone og barn for eit par dagar for å ha skikkelig guttetur i skogen. Boomblastere dundret overalt, og stemninga va høg. Me traff masse festlige folk denne kvelden; folk som hadde med seg motorsager, folk som dreiv og hogga ned greinene dei satt på, og sist men ikkje minst Vegard. Vegard va ein artig kar med kjappe replikkar og fine dansemoves. Etter mykje prat blei me invitert bort til snøborga han og gjengen hans hadde bygd.




Odd Magnus og ein barnevernspedagog med stor trang til å synge barnesangar. Odd Magnus til venstre.











Henrik sammen med ein ny venn


















Dette blinkskuddet av eit bilde ser noko suspekt ut med tanke på kva underteikna har i hendene/fanget, men eg vil dementera alle rykter som må ha oppstått. Den einaste drikka eg rørte denne kvelden var vann & kakao. Vegard (til venstre i bildet) insisterte på at eg sku helda drikka hans mens han skar opp spekelår til servering. (Sitat Vegard: "det er to ting asylsøkere liker å få. Det ene er kniver, det andre er spekemat") Ufattelig ka visdomsord som ein kan komma med når ein e i slaget :-P






Blix fekk håndhilse på skilegenden Oddvar Brå. I år e det 25 år sidan han brakk staven i VM, og i den anledning va han og fleire av gamlegutta frå -82 og festa og mimra om gamle dagar.
Møtet med Brå gjorde mildt sagt stort inntrykk på Stokka-gutten :)








Etter fleire timar i festlig lag var det på tide å få litt søvn. Før avreise hadde underteikna grua seg litt til dette, då soveposen min ikkje akkurat e beregna for bruk vinterstid. Men rett før avreise frå Majorstua fekk eg låna ein skikkelig FIX-sovepose av Blakstadheias store datter (takk, Karianne!), så eg sov godt inne i lavvoen, til tross for at eg låg klint oppi ein halvvåt teltduk pga Blix sitt plassbehov. Før han sovna, presterte Blix å vrenga soveposen sin, men villmarkens store sønn Jon tok affære og vekte gutten og fekk han til å ordne opp. Godt å sjå at min sambuar e i trygge hender.

No e det ganske seint ein mandags kveld, og for ein flittig student e det på tide å finne køya, så får han heller skrive meir på dette innlegget ein annen dag :)

søndag, januar 21, 2007

Årets første skitur!!! og ei bra helg forøvrig :)



Chris glise rått (kanskje visste han allerede utfallet av Arsenal-United seinare på kvelden?)




No tar det heilt av her.....2 innlegg på ein dag....


hehe...









Anyway, idag var det duka for sesongens første skitur. Tobias "Tobbe" var initiativtakar til happeningen.




Sted: Frognerseteren. Under 40 min med t-bane frå Grønland og tjukkaste Oslo e me oppe i høgden. Ein heilt annen verden. Skog og snø, haugevis av skiløyper. Oslo seems like a place far far away, men dette e faktisk i Oslo. Me labbar i vei. Eg, Arne, Chris, Lena, Tobias og Knut (Sagavoll 04/05). Det snøer fremdeles. Masse folk e ute og går. Godt føre. Herlig :)

Stoppa ved Nordmarkskapellet og sette oss inn i varmen. Kakao, sjokolade, kjeks m.m kom på bordet....meget bra! :)















Gjengen: frå venstre; Tobias, Chris, Lena, Knut & Arne





Då eg kom heim, va alt ved det gamle. Ein satt framfor PC'n, Tv'n sto på, og Blix vandra sløvt rundt. Deretter reiste me ein gjeng opp til Grefsen der det va duka for storkamp mellom Arsenal og Man Utd. Rooney putta etter lang tids tørke framfor mål, og ting såg meget lyst ut til 10 min før slutt. Så, opp av intet dukke ein nederlandsk formspiss opp og utlikne til 1-1. Damn!
Denne karen fekk forøvrig brudd i beinet i det han scorte.....til pass for han...dusten :P
Så, som eit spark rett i pungen, fikse ein arrogant og sleazy franskmann seieren til Arsenal 3 min på overtid til stor fortvilelse for majoriteten av gjengen på Grefsen, med unntak av Chris.
Meget dyster stemning, selv ikkje ein babb på Bislett klare å døyva skuffelsen. Men onsdag, ny kamp, nye mulighetar. Må forøvrig retta ein stor takk til Liverpool, som sørga for at avstanden ned til Chelsea ikkje skrumpa inn :)

Ellers i helga har både Peder, Andreas Lunde og Svein Ivar (frå norheimsund) vore på besøk. På lørdag var også Knut O, Chris, Anders M, Bjørn, Frantz og Pål Anders innom. Fyrte igang playstation-turnering i pro evolution soccer 6 (PES). Mange fantastiske kampar med høg nerve! Radarparet frå Norheimsund (Erlend/Svein Ivar) drog i land seieren til slutt, 1 poeng framfor Frantz/Lars Tore. Anders M gjorde ein strålande debut i PES - med mange flotte raid, innlegg og driblingar - ei kommande stjerne rett & slett. Ny turnering vil bli fyrt igang i nærmaste framtid, då helst med 8 lag (16 spelarar).
Etterpå va flesteparten av gutta ute og åt på Bari Pizza i Torggata etter tips frå Pål Anders. Denne restauranten kan anbefalast :)

Alt i alt ei meget bra helg. No e det duka for ei ny veke på MF. Bibelprøve på fredag for dei som skal ha mappevurdering. For oss som ska ha klausur-eksamen, kan me slappa meir av. Satse anyway på å fortsetta trenden eg starta på i sist veke med trening og sunnare livsstil :)
Kvelden no ser ut til å bli avslutta med PES :)

Theatre of dreams....


Oh! We're going to Old Trafford, oh, to England!
We're gonna watch man united, on the theatre of dreams (melodi: "we're going to ibiza")
Mandag 8.januar kl 23.54 - incoming call
K.A: du....ska'kke være med på united-kamp da? om mindre enn 3 uker, på Old Trafford. FA-Cup mot Portsmouth.
Erlend: Oi! Det høyres fristande ut.
Samtalen forløper videre, to fotballfrelste gutar bestemme seg for å reisa.
Mindre enn eit døgn etter....billettar og flybillettar bestilt :)
Ja, om mindre enn 5 dagar reise me. Eg og K.A (Kaare André) på ein skikkelig guttetur - til Englands største fotballstadion (over 75.000) for å sjå favorittlaget vårt - Manchester United. Min første United-kamp noken sinne, K.A sin første på Old Trafford. Lørdag 27.januar kjeme til å bli ein heilt spesiell dag i det me står framfor Old Trafford, ein av fotballhistoriens mest kjente arenaer, banen til ein av dei mest kjente og sagnomsuste fotballklubbane i verden. Fytti! :)
Sitat K.A: "Den eneste gangen du får se meg gråte, Erlend, er når vi står utenfor Old Trafford før kampstart."
Det kjeme til å bli heilt rått. Håpe United klare å reisa seg etter dagens blemme mot Arsenal, som gjere at Russeren sin klubb (Chelsea) fremdeles e usle 6 poeng bak. Men på lørdag e det cup, og som Arne Scheie har sagt: "cup er cup". Alt kan skje. Portsmouth e eit av dei bedre laga i England. Dei har 2 tidligare Arsenalspelarar på laget, Kanu og judas-Campbell. For ikkje å nevna tidligare Liverpool-keeper David James, som har eit vanvittig høgast-nivå og eit like vanvittig lågast-nivå...ein av verdens mest ustabile keeperar (skjønt etter han forlot Liverpool for mange år sidan og kutta ut Playstation-spelinga ut i dei seine nattetimar - førte til at han sleit med å sjå ballen på innkommande innlegg i boksen) har blitt stadig meir stabil. Håpe at ingen av desse 3 har dagen :D
17.15 lokal tid brake det laus denne dagen.
Dagen etter blir det pilegrimsferd til Megastore - United-butikken på Old Trafford + museet.
Men, først står mykje planlegging for tur. Bagasje må pakkast, kart må lesast, songar må øvast på, og helst bør me øva oss litt på engelsk også (på denne fronten e det tynt) :)
Så slå på tv3 kl 18.15 på lørdag. Kanskje du får sjå to kjentsfolk på ein engelsk tribune synga med sine vakre røyster og slenga ut nylig erverva lokale gloser til dommaren og Portsmouth-spelarar :)