tirsdag, oktober 31, 2006

fotball og gøy i bergen

Ja, då va det kanskje på tide med eit nytt innlegg....knappe 3 veke sio sist :D
Fredag for nesten 2 veke sio lot eg Tigerstad vera Tigerstad og vendte nasen mot Bergen.
Etter ei behagelig natt på toget kom eg til vestlandets hovedstad (sorry, Stavanger) tidlig på morgenen. Ferda gjekk til lillesøster nr.3 sitt krypinn like attmed Haukelandshallen. Seinare på dagen blei eg invitert på lasagnemiddag til Ingvild A, Teki-Therese og K2 på Laksevåg, der også Lars H, Sindre R og Jon Z var tilstades. Seinare på kvelden møtte me på Eivind, Lillian og Elise. Utrulig kjekt å treffa igjen gode Sagavoll-venner :)

(No i skrivande stund dukka ein gjeng skrømt opp utanfor døra. Halloween blir stadig meir indoktrinert i Norge. Trick or treat! Fin måte å bli kvitt dei twistane eg ikkje like so godt (Banan & Kokos) :D)

Dagen etter skulle vere den store dagen. Dagen då Brann sku banka Rosenborg og komma opp på like mange poeng med 2 kampar igjen å spele. Kanskje få seriegull til by'n for første gang på 43 år. Stor stemning i Bergen, men under overflata skurra det. Det faktum at Brann hadde kasta bort 10 poengs ledelse på Rosenborg på dei 12 siste kampane og no halsa 3 poeng bak, kunne ein lese på tabellen og i alskens aviser. Dette var den siste sjansen til å bevare spenninga til siste runde.

Men før det braka laus på Stadion skulle to engelske lag i aksjon. To engelske lag som mange av oss føle oss nær knytta til, til tross for at me verken e engelske, kjenne noken so spele der, eller har budd der. Manchester United vs Liverpool. Denne kampen e ein av dei viktigaste i løpet av sesongen....hjertet banke raskare. Etter all sannsynlighet vil humøret bli påvirka i større eller mindre grad av utfallet av denne kampen. Eg trygle høgare makter om at United vil vinna, og helst at Rooney score. Stappfull pub. Avspark. Kampen bølge fram og tilbake. 6 min før pause rulle United opp eit angrep. Paul Scholes, ein beskjeden og rødhåra engelskmann, går på eit lurt løp inn i boksen og avslutte angrepet. 1-0 til dei røde djevlane!!! Ikkje dårlig tima å putte i sin 500.kamp for klubben. Halvparten av puben jublar og smiler, den andre halvparten ergrar seg høglytt, og noken mindre fine gloser finn vegen ut frå morske og blankskalla menn og ut i lufta.
Pause. Underteikna står klemstra inntil ein vegg. Gler seg til neste omgang. Ting ser bra ut.
2.omgang. United det beste laget. Etter 66 min slår den walisiske legenda Ryan Giggs inn mot straffefeltet til Liverpool. Dette e hans 16.sesong som fast førstelagsspelar, og han e snart 33 år. Alderen ser ikkje ut til å tynga, han e i sitt livs form. Ballen går mot Louis Saha, ein franskmann som såg ut til å få United-karrieren spolert av skadar, men beit tenna sammen og kom tilbake i knallform. Liverpool klarere, men ballen går rett opp i lufta. Rio, distre midtstoppar med ustabil konsentrasjon, tar ballen nydelig ned med høgre, finte bort John Arne Klyse, og dunkar ballen i krysset med venstre. 2-0. WOW!!!!! For eit mål!! Rio e ikkje akkurat kjent for å scora masse (det tok over 3 år før han scora sitt første mål for klubben), men dette e andre gongen på rad han score mot Liverpool. United kjøre kampen. Pool-supporterane begynne å resignere. Kamp slutt.

Eg går ut med eit smil :) Favorittlaget sin gode form fortsette. Kanskje det blir seriegull på dei i år. Uansett vil det ikkje ta 43 år til neste gong dei tar det. Går på gudstjeneste i Norkirken og tenke lite på fotball (eit ordtak seie at det e bedre å ve på fotballkamp og tenka på Gud enn å ve på gudstjeneste og tenka på fotball). Fotball får eg tid til å tenka på seinare. Treffe samme Sagavoll-folkena so i går + endå fleire. Dessverre blir det ikkje so mykje tid til prat med mange av dei, for gjengen so åt middag dagen før ska til Laksevåg og sjå Brann-RBK på fjernsynsapparatet.

Det blei lite rød jubel i Bergen denne kvelden

Kampen va fryktelig. Brann virka prega av stundens alvor, gjorde masse feil og kom ikkje til sjansar. RBK tar ledelsen. Bartefolket på tribunen tar heilt av. Pause. Det ser ut som bergenserane må smøra seg med endå meir tolmod i åra framover. Tidlig i 2.omgang får Brann straffe! Men eit lite aber....dei har kun scora på 2 av 6 tidligare i år. Kaptein Andresen står ved merket. Presset på skyttaren i ein sånn situasjon e kjempestort. 19.000 hoiar på tribunen. Ein bom her, og drømmen om gull går etter all sannsynlighet i knas. Midtbaneeleganten bankar ballen i krysset. 1-1!!! Enno e det håp. Brann-fansen synge og heie for full hals, men det hjelpe lite. Rosenborg score både 2-1 og 3-1. Kamp slutt. Gedigent antiklimaks for heile Bergen og andre Brann-sympatisørar. Gullgrossistane frå Trondheim har gjort det igjen. 6 poeng framfor med 2 kampar igjen og mykje bedre målforskjell. Berre SYLtynn teori kan gje gull til coach Mjelde og hans disiplar. Game over. Kanskje det blir gull til neste år....sannsynligvis ikkje (dersom ein ser realistisk på ting). Ordet SKUFFELSE lyse i alle ansikta på Stadion, bortsett frå dei tilreisande i kvite drakter. Eg ergre meg litt, trønderane Øyvind og Sindre kose seg. Men eg va på sett og vis innstilt på at det ikkje kom til å gå i år heller.

Men siden United vant idag, gjorde det skuffelsen noke mindre. Draumen om bergensk seriegull e knust for i år, men draumen om at seriegullet skal finna veien tilbake til Old Trafford leve fremdeles :) Eit par timar seinare sette eg meg på bussen mot det lova landet, heimbygda Norheimsund. Meir i neste blogg...

torsdag, oktober 12, 2006

www.daarliglesedisiplin.no

Idag...idag skulle eg lesa litt pensum....va ihvertfall planen. Men den gong ei. Noken andre so syns at timane berre rase avgårde med ein gong ein kjeme heim frå skule/arbeid? Det gjere ihvertfall eg. Kom heim ca kl 3.....plutselig va klokko godt over 5. Den seriøse og ansvarsbevisste delen av hjernen sa: les pensum! Den mindre seriøse delen av hjernen (den som stort sett alltid vinne) sukka og sa: nei, spel fotball med gutta! Sånn blei det.... Burde hatt litt dårlig samvittighet....men men, det viktigaste e at det va kjempegøy! :) Mykje kjekkare enn å grava seg ned i bibelanalyse og dogmatiske spørsmål. So egentlig angre eg lite.


Fagleg lærdom eller idrett og gøy
sammen med gode venner?
That's the question....





Moralen e vel at lesing kan ein alltid gjera ved ein seinare anledning, mens sjansen til fotball og andre sosiale aktivitetar forøvrig må gripast med ein gong :)

Ikveld rulla Prison Break sesong 2 episode 2 over det ganske land (dei som har tv3 vel å merke)
For ein kongeserie!!!! Anbefale den på det varmaste :) Eit sjakktrekk e å sjå sesong 1 først...so last ned, kjøp dvd-settet, eller lån det av ein god venn, få med deg noken andre, sett deg i godstolen med dugelig med snop - og bli oppslukt av denne fantastiske serien!
Kort oppsummert handle den om ein fyr (Lincoln) som er i fengsel, mistenkt for å ha drept visepresidentens bror. Broren (til han som sitter i fengsel altså - Michael) er sikker på at Lincoln er uskyldig, og lager ein skikkelig detaljert og avansert plan for å få broder'n ut av kasjotten. Dette inkluderer at han sjølv må bli satt inn i det samme fengselet. Her oppstår det mange situasjonar og komplikasjonar som kunne fått einkvar til å miste motet, men Michael gir ikkje opp. Meir vil eg ikkje fortella - sjå den sjølv og gjer opp di meining :)

då va det på tide med ein liten oppdatering ja....


Fytti! Eg e sløv!!! sløv, sløv, sløv. Ikkje berre skulemessig, men ikkje minst å oppdatera denne bloggen. So no tenkte eg det e på tide å gjera eit forsøk. Tar oppdateringa frå bunn til topp (samme konsept so at arabarane, elle e det jødane, so lese frå bakerst i boka og fram :D) Ska heretter bli flinkare (prøva ihvertfall) å oppdatera....ska endra den kjipe layouten litt og, so då blir det bra.

Idag (11.10) blei avslutta på beste vis, med god kveldsmat og ein burk cola, og ikkje minst; eg slo blix i den nyaste farsotten her i Motzfeldts; Pro Evolution Soccer på PS2. Vant 1-0 (at blix hadde 12 skudd på mål (inkl noken sjansar større enn Stillehavet - dårlig sammenligning, men anyway) mot mitt eine, blir berre ein liten parentes i denne sammenhengen). Dette var forøvrig blix sitt 4.strake kveld med tap enten mot meg eller JT...hehe :)

På søndag va det selskap i Kirkeveien for oktoberbarna (Karianne, Ruth Eva og Arne). Mykje folk, god mat og god stemning :)



Tidligare dagar av veke 40 gjekk med til landskamp, sesongstart i indoor, og sist men ikkje minst oppgåveskriving. Oppgåve: Beskriv ulike bibelsyn og drøft Bibelens plass i teologien(!!!) Ei grei oppgåve for relativt oppvakte folk so like å skriva formelt...men ikkje for meg. Den velkjente skippertaksmetoden blei brukt dei siste to kveldane før innlevering torsdags morgen. Resultat: dårligaste innlevering ever etter mitt synspunkt, men men...e ikkje so enkelt å komma tilbake i utdanningsinstitusjonanes knallharde realitetar etter nokre års fråvær :)
Noke av den moroa som venter fram mot eksamen :D

Helga veke 39 va eg på friluftstur (!!!!) med 4 stk frå den tøffe FIX-gjengen frå Sagavoll 05/06. Desse var Sid, Erlend T, Silje S og Karianne T.
Koss skulle dette gå? - sofakrokens mann sammen med villmarkens sønner og døtre... Det gjekk overraskande fint. Helgas største utfordring va et punktert dekk (sitat Sid kvelden før då underteikna kommenterte ein "sivelyd" - "pff...det e bare motoren som kjøler seg ned)) det tok godt med tid og krefter for 2 stk FIX + 1 stk KRIK å få av (mutterane va rusta godt fast, må seiast).
Me gjekk passande langt og sov inne begge nettene. Perfekt for ein ekte KRIK'ar :)
På søndagen slo forøvrig Manchester raude djevlar skjærene frå Newcastle med 2-0. Sunny putta 2 :)


Mandag 25.9 avslutta Oldenborg damelag sesongen med 8-0 seier. Med team Ødegaard/Skeie Langeland har dei vunne 4 av 4 med ein samla målscore på 33-3. Tabellplass: nr 4 med 32 poeng på 15 kampar...mål 82-22 (nest flest scora og nest nest færrast innslupne mål i divisjonen).
Flott jobba, jenter! :)

Søndag 24.9 va me ein gjeng i Tusenfryd. Utrulig masse gøy! Rett og slett :)
Minuset med denne dagen va at Brann tapte for Tromsø, og den bergenske gulldrømmen fekk seg eit alvorlig skudd for baugen :( Men, me leve enno i håpet om at seriegullet for ein gongs skyld ska komma til Stadion :)

Lørdag 23.9 hadde me bursdagsfeiring her i Motzfeldts. Anledninga va underteikna sin 21-års dag (tida berre flyr avgårde :P), men det må i samme åndedrag nevnast at JT fylte 22,5 og Blix og Lars Tore 20,5 på desse tider :) Ca 40 stk, stort sett sagavoll-folk, va innom. Kjekke folk, god stemning, og mykje mat og snop...oppskrifta på ein knall laurdagskveld! Koselig at det kom so mange innom...og tusen takk for alle helsingar, kort og presangar! :)