tirsdag, oktober 31, 2006

fotball og gøy i bergen

Ja, då va det kanskje på tide med eit nytt innlegg....knappe 3 veke sio sist :D
Fredag for nesten 2 veke sio lot eg Tigerstad vera Tigerstad og vendte nasen mot Bergen.
Etter ei behagelig natt på toget kom eg til vestlandets hovedstad (sorry, Stavanger) tidlig på morgenen. Ferda gjekk til lillesøster nr.3 sitt krypinn like attmed Haukelandshallen. Seinare på dagen blei eg invitert på lasagnemiddag til Ingvild A, Teki-Therese og K2 på Laksevåg, der også Lars H, Sindre R og Jon Z var tilstades. Seinare på kvelden møtte me på Eivind, Lillian og Elise. Utrulig kjekt å treffa igjen gode Sagavoll-venner :)

(No i skrivande stund dukka ein gjeng skrømt opp utanfor døra. Halloween blir stadig meir indoktrinert i Norge. Trick or treat! Fin måte å bli kvitt dei twistane eg ikkje like so godt (Banan & Kokos) :D)

Dagen etter skulle vere den store dagen. Dagen då Brann sku banka Rosenborg og komma opp på like mange poeng med 2 kampar igjen å spele. Kanskje få seriegull til by'n for første gang på 43 år. Stor stemning i Bergen, men under overflata skurra det. Det faktum at Brann hadde kasta bort 10 poengs ledelse på Rosenborg på dei 12 siste kampane og no halsa 3 poeng bak, kunne ein lese på tabellen og i alskens aviser. Dette var den siste sjansen til å bevare spenninga til siste runde.

Men før det braka laus på Stadion skulle to engelske lag i aksjon. To engelske lag som mange av oss føle oss nær knytta til, til tross for at me verken e engelske, kjenne noken so spele der, eller har budd der. Manchester United vs Liverpool. Denne kampen e ein av dei viktigaste i løpet av sesongen....hjertet banke raskare. Etter all sannsynlighet vil humøret bli påvirka i større eller mindre grad av utfallet av denne kampen. Eg trygle høgare makter om at United vil vinna, og helst at Rooney score. Stappfull pub. Avspark. Kampen bølge fram og tilbake. 6 min før pause rulle United opp eit angrep. Paul Scholes, ein beskjeden og rødhåra engelskmann, går på eit lurt løp inn i boksen og avslutte angrepet. 1-0 til dei røde djevlane!!! Ikkje dårlig tima å putte i sin 500.kamp for klubben. Halvparten av puben jublar og smiler, den andre halvparten ergrar seg høglytt, og noken mindre fine gloser finn vegen ut frå morske og blankskalla menn og ut i lufta.
Pause. Underteikna står klemstra inntil ein vegg. Gler seg til neste omgang. Ting ser bra ut.
2.omgang. United det beste laget. Etter 66 min slår den walisiske legenda Ryan Giggs inn mot straffefeltet til Liverpool. Dette e hans 16.sesong som fast førstelagsspelar, og han e snart 33 år. Alderen ser ikkje ut til å tynga, han e i sitt livs form. Ballen går mot Louis Saha, ein franskmann som såg ut til å få United-karrieren spolert av skadar, men beit tenna sammen og kom tilbake i knallform. Liverpool klarere, men ballen går rett opp i lufta. Rio, distre midtstoppar med ustabil konsentrasjon, tar ballen nydelig ned med høgre, finte bort John Arne Klyse, og dunkar ballen i krysset med venstre. 2-0. WOW!!!!! For eit mål!! Rio e ikkje akkurat kjent for å scora masse (det tok over 3 år før han scora sitt første mål for klubben), men dette e andre gongen på rad han score mot Liverpool. United kjøre kampen. Pool-supporterane begynne å resignere. Kamp slutt.

Eg går ut med eit smil :) Favorittlaget sin gode form fortsette. Kanskje det blir seriegull på dei i år. Uansett vil det ikkje ta 43 år til neste gong dei tar det. Går på gudstjeneste i Norkirken og tenke lite på fotball (eit ordtak seie at det e bedre å ve på fotballkamp og tenka på Gud enn å ve på gudstjeneste og tenka på fotball). Fotball får eg tid til å tenka på seinare. Treffe samme Sagavoll-folkena so i går + endå fleire. Dessverre blir det ikkje so mykje tid til prat med mange av dei, for gjengen so åt middag dagen før ska til Laksevåg og sjå Brann-RBK på fjernsynsapparatet.

Det blei lite rød jubel i Bergen denne kvelden

Kampen va fryktelig. Brann virka prega av stundens alvor, gjorde masse feil og kom ikkje til sjansar. RBK tar ledelsen. Bartefolket på tribunen tar heilt av. Pause. Det ser ut som bergenserane må smøra seg med endå meir tolmod i åra framover. Tidlig i 2.omgang får Brann straffe! Men eit lite aber....dei har kun scora på 2 av 6 tidligare i år. Kaptein Andresen står ved merket. Presset på skyttaren i ein sånn situasjon e kjempestort. 19.000 hoiar på tribunen. Ein bom her, og drømmen om gull går etter all sannsynlighet i knas. Midtbaneeleganten bankar ballen i krysset. 1-1!!! Enno e det håp. Brann-fansen synge og heie for full hals, men det hjelpe lite. Rosenborg score både 2-1 og 3-1. Kamp slutt. Gedigent antiklimaks for heile Bergen og andre Brann-sympatisørar. Gullgrossistane frå Trondheim har gjort det igjen. 6 poeng framfor med 2 kampar igjen og mykje bedre målforskjell. Berre SYLtynn teori kan gje gull til coach Mjelde og hans disiplar. Game over. Kanskje det blir gull til neste år....sannsynligvis ikkje (dersom ein ser realistisk på ting). Ordet SKUFFELSE lyse i alle ansikta på Stadion, bortsett frå dei tilreisande i kvite drakter. Eg ergre meg litt, trønderane Øyvind og Sindre kose seg. Men eg va på sett og vis innstilt på at det ikkje kom til å gå i år heller.

Men siden United vant idag, gjorde det skuffelsen noke mindre. Draumen om bergensk seriegull e knust for i år, men draumen om at seriegullet skal finna veien tilbake til Old Trafford leve fremdeles :) Eit par timar seinare sette eg meg på bussen mot det lova landet, heimbygda Norheimsund. Meir i neste blogg...

Ingen kommentarer: