torsdag, oktober 12, 2006

då va det på tide med ein liten oppdatering ja....


Fytti! Eg e sløv!!! sløv, sløv, sløv. Ikkje berre skulemessig, men ikkje minst å oppdatera denne bloggen. So no tenkte eg det e på tide å gjera eit forsøk. Tar oppdateringa frå bunn til topp (samme konsept so at arabarane, elle e det jødane, so lese frå bakerst i boka og fram :D) Ska heretter bli flinkare (prøva ihvertfall) å oppdatera....ska endra den kjipe layouten litt og, so då blir det bra.

Idag (11.10) blei avslutta på beste vis, med god kveldsmat og ein burk cola, og ikkje minst; eg slo blix i den nyaste farsotten her i Motzfeldts; Pro Evolution Soccer på PS2. Vant 1-0 (at blix hadde 12 skudd på mål (inkl noken sjansar større enn Stillehavet - dårlig sammenligning, men anyway) mot mitt eine, blir berre ein liten parentes i denne sammenhengen). Dette var forøvrig blix sitt 4.strake kveld med tap enten mot meg eller JT...hehe :)

På søndag va det selskap i Kirkeveien for oktoberbarna (Karianne, Ruth Eva og Arne). Mykje folk, god mat og god stemning :)



Tidligare dagar av veke 40 gjekk med til landskamp, sesongstart i indoor, og sist men ikkje minst oppgåveskriving. Oppgåve: Beskriv ulike bibelsyn og drøft Bibelens plass i teologien(!!!) Ei grei oppgåve for relativt oppvakte folk so like å skriva formelt...men ikkje for meg. Den velkjente skippertaksmetoden blei brukt dei siste to kveldane før innlevering torsdags morgen. Resultat: dårligaste innlevering ever etter mitt synspunkt, men men...e ikkje so enkelt å komma tilbake i utdanningsinstitusjonanes knallharde realitetar etter nokre års fråvær :)
Noke av den moroa som venter fram mot eksamen :D

Helga veke 39 va eg på friluftstur (!!!!) med 4 stk frå den tøffe FIX-gjengen frå Sagavoll 05/06. Desse var Sid, Erlend T, Silje S og Karianne T.
Koss skulle dette gå? - sofakrokens mann sammen med villmarkens sønner og døtre... Det gjekk overraskande fint. Helgas største utfordring va et punktert dekk (sitat Sid kvelden før då underteikna kommenterte ein "sivelyd" - "pff...det e bare motoren som kjøler seg ned)) det tok godt med tid og krefter for 2 stk FIX + 1 stk KRIK å få av (mutterane va rusta godt fast, må seiast).
Me gjekk passande langt og sov inne begge nettene. Perfekt for ein ekte KRIK'ar :)
På søndagen slo forøvrig Manchester raude djevlar skjærene frå Newcastle med 2-0. Sunny putta 2 :)


Mandag 25.9 avslutta Oldenborg damelag sesongen med 8-0 seier. Med team Ødegaard/Skeie Langeland har dei vunne 4 av 4 med ein samla målscore på 33-3. Tabellplass: nr 4 med 32 poeng på 15 kampar...mål 82-22 (nest flest scora og nest nest færrast innslupne mål i divisjonen).
Flott jobba, jenter! :)

Søndag 24.9 va me ein gjeng i Tusenfryd. Utrulig masse gøy! Rett og slett :)
Minuset med denne dagen va at Brann tapte for Tromsø, og den bergenske gulldrømmen fekk seg eit alvorlig skudd for baugen :( Men, me leve enno i håpet om at seriegullet for ein gongs skyld ska komma til Stadion :)

Lørdag 23.9 hadde me bursdagsfeiring her i Motzfeldts. Anledninga va underteikna sin 21-års dag (tida berre flyr avgårde :P), men det må i samme åndedrag nevnast at JT fylte 22,5 og Blix og Lars Tore 20,5 på desse tider :) Ca 40 stk, stort sett sagavoll-folk, va innom. Kjekke folk, god stemning, og mykje mat og snop...oppskrifta på ein knall laurdagskveld! Koselig at det kom so mange innom...og tusen takk for alle helsingar, kort og presangar! :)


Ingen kommentarer: