fredag, april 20, 2007

men bloggen var ikkje død....

Hordar av lesarar har den siste månaden uttrykt bekymring grunna manglande oppdatering på bloggen, og lurar på om forfattaren er sunken i jorda. Det er eg slett ikkje, kjære alle dykk. Eg er frisk og rask (vel....i alle fall frisk) og har fått oppleva mykje dei siste vekene, for ikkje å seie månadene. Har diverre ikkje vore flink til å leggja ut på bloggen i denne tida, men frå no av skal det bli ei radikal forbetring. Leser ofte bloggane til mine kjære venner, og tanken: "dette er ein kjekk blogg, denne blir oppdatert ofte, denne er gøy å lesa" dukkar (ofte) opp. Så tenker eg at eg er altfor dårlig til å oppdatera min, og at eg bør bli flinkare til å oppdatera, slik at folk kan få lesa om alle dei kloke tankane eg har og alt det spennande eg opplever i mitt fartsfylte liv.
Frå no av skal ord bli til handling. I ein bisetning bør det nemnast at det er lurt og utviklande å la skrivekløen få utlaup av og til, særleg dette året då eg har skrive skuleoppgåver sjeldnare enn det regnar i Atacama-ørkenen. Gje meg gjerne positiv eller negativ kommentar på dette innlegget. Tilbakemelding er kjekt å få...då ser eg og at det faktisk er folk som er innom denne bloggen av og til. No når den skal oppdaterast oftare, er det ingen grunn til å droppa besøka :)

For å heidre nynorsken som skriftspråk og målform, skal eg skrive dette innlegget på skikkeleg nynorsk, og ikkje Norheimsund-dialekt slik eg vanligvis gjer. Sist gong eg skreiv noko på nynorsk er frykteleg lenge sidan, og skrivefeil kan derfor førekoma.
I år har eg bokmål som målform av to grunnar:

1) Når alle pensumbøkene og så og sei det meste av litteratur og kultur i Oslo er på bokmål (bortsett frå Noregs Mållag då - men dei har eg enno ikkje besøkt), blir det fryktelig vanskelig (sjå der ja....det heiter sjølvsagt "frykteleg" og "vanskeleg" på nynorsk...eg er i ferd med å mista ein del av min eigen identitet...) å måtte skrive på ei anna målform. Litt same problemet trur eg ein del psykologi-studentar kan ha når dei skal skrive oppgåver; her er lærebøkene på engelsk. Det blir litt sånn som å spele keeper på fotballtreninga, medan ein blir satt på venstrekanten i kamp....

2) Sjølv om eg har budd sånn ca 15 år i hjartet av Hardanger, der nynorsken har stått sterkt, har eg sidan vidaregåande vore betre å skriva sidemål (bokmål) enn hovudmål (nynorsk) - omtrent 1 karakter betre. Dette har mykje med at ein blir påverka av at media inneheld sånn ca 98,4% bokmål (minst), sjølv om nynorsken skal visstnok ha ca 20%. Ta film/tv-teksting til dømes....kor mange seriar/filmar kan du hugse å ha sett teksta på nynorsk (bortsett frå "Med hjartet på rette staden")??? Når det gjeld denne serien, er det nærast fascinerande at så mange folk i dagens tidsklemte samfunn, spesielt vaksne i sin beste alder, flokkar seg rundt tv-skjermen laurdagskveldane kl 21.30 år etter år. Ifylgje den norske kulturen skal ein helst vere ute på byen på denne tida og helst drikka litt for mykje i løpet av kvelden og natta. Har du nokonsinne sett ein pub med storskjerm som viser "Med hjartet på rette staden" ein laurdagskveld?

Noko som trekkjer stort med denne serien, må først og fremst vere at den føregår på landsbygda. Aaah...landsbygda...ute på landet....dette bringer gode assosiasjonar hjå dei fleste. Ro og fred, fjernt frå storbyens mas og tidsklemma, landsbygda lokkar fram romantiske førestillingar om eit bekymringslaust liv, bunad, mjølkekyr og norske flagg vaiande på ei stang i midten av tunet pa garden, medan ungane spring rundt og leikar. Bygda er ein trygg stad der alle kjenner kvarandre, og det skjer lite kriminelt. Når det først skjer noko, er det relativt enkelt å oppklare, sidan miljøet er såpass oversiktleg.

For det andre må det vere at serien er teksta på nynorsk. Sjølv om mange av tv-sjåarane forstår heller lite nynorsk, er alle einige om ein ting. Nynorsk er "ekte vare," nynorsk er autentisk. I den nasjonalromantiske draumen er bonden ein kar med flott bunad, han har mange mjølkekyr og mange budeier (som også har bunad), og han talar nynorsk. Garden ligg fint til mellom fjord og fjell. Lite er meir autentisk og eksotisk enn bygdefolk som talar nynorsk.



Det blir ikkje meir nasjonalromantisk enn dette :)



















Alt i alt kan me konkludera med at nynorsken framleis har ein viss appell til folket, sjølv om mange ausar ut eder og galle over målforma og bruker meir tid på å kritisera sidemålsordninga enn å gjere meir nyttige ting (til dømes gjera lekser, engasjera seg politisk, eller vera heime ein laurdagskveld for ein gongs skuld og sjå "Med hjartet på rette staden saman med foreldra sine).

Vel, dette kan me trygt kalla ei slags avsporing....no kjem det eg opprinneleg hadde tenkt å skriva om....








USA er eit sprøtt land. Ser du ei sær eller oppsiktsvekkjande nyhende når du surfar på nettet, er sjansen urovekkjande stor for at dette har skjedd i USA. Landet har ca 5% av verdens befolkning, men eg tør tippa på at det er grovt overrepresentert (ein stad mellom 50% og 75%)på nyhendefronten når det gjeld voldelige og sprøe ting. No for nokre dagar sidan klikka det fullstendig for ein student der borte. Han drepte over 30 personar. Denne saka er dessverre ikkje eineståande; liknande saker har skjedd med jamne mellomrom borte i Statane.

No ei litt meir lystbetont sak frå "over there":

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=172033





Eit esel som må i vitneboksen! Kva gjer du meg??? Berre amerikanarar kan finna på noko slikt. Når eselet først må trekkast fram i rampelyset, med negative psykiske ettervirkningar dette kan gje for eselet, må det sjølvsagt ta seg godt ut. Og det går ikkje an å ta seg betre ut enn med det amerikanske flagget rundt halsen. God Bless America...


Eg har budd i USA. Då veit du det.

God natt! :)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Erlend!
Kjekt å lesa bloggen din :) Godt å sjå at du ikkje har lagt nynorsken heilt død, sjølv om du studerar her i Oslo (skriv sjølv notatar og oppgåver på bokmål sidan pensum og forelesarar føretrekk bokmål..).
Tenkte eg nett ville kommentera massedrapet i USA tidligare i veka og medias fokusering på vold og drap.
For å sette det litt på spissen har eigentleg USA kun seg sjølv å takke for at dette kan skje. Det eg tenkjer på er deira (særs unike) våpenkultur. Media fokuserar på vold og drap i sine oppslag - og fremjar ein frykt som (mest sannsynleg) ikkje eksisterar. Våpen er eit "allemanns-eige". Befolkningen vert oppfordra, både gjennom media og eigne våpenorganisasjonar, om å skaffe seg våpen for å beskytta seg sjølv, familien og naboar mot ein frykt som er media-skapt.
Omtrent 11 000 (?) amerikanarar vert kvart einaste år drept av eit handvåpen. Til samanlikning er det same talet omtrent 100 i nabolandet Canada, som har nesten like mange innbyggjarar (!?) og er omtrent like stort i areal. For eit par år sidan gjekk drapstatistikken i USA ned med over 20 %, men medias oppslag som omhandla vold og drap auka med over 600 %.
Dette syner berre at noko ikkje er som det bør vera i verdas mektigaste land!
Jaja.. måtte berre få det ut ;) hehe.. Uansett - kjekt å lesa bloggen din! Det var det eg skulle fram til ;) Snakkast! -Svein-

Tobias sa...

Andre morsommevåpenstatestikker fra Uniten: (Gjengitt fra Aftenposten)

I aldergruppen 15-35 år så er skytevåpen dødsårsak nummer 1 (!) blant svarte menn. Det er farligere enn bilulykker liksom.

11 000 mennesker blir myrdet hvert år av skytevåpen. Mange mener at dette er et tegn på at man bør ha flere skytevåpen sånn at man kan forsvare seg, men:

Bare 163 mennesker blir drept i selvforsvar hvert år. Tygg litt på argumentet deres.

Men ihvertfall.

Veldig bra skrevet :)

Jeg er også en av de som stadig er innom i håp om en oppdatering, og jeg blir fast leser i disse nye tekstfulle tider :)

Noen må jo holde stand mot denne overfladiske Facebookismen!

Beate sa...

Heihei kompis...!! desverre litt for trøtt t å lesa alt no..men ska ta da igjen;) eg la vertfall igjen eit spor!!

Anonym sa...

erlend!
detta va no kosli lesing i ei ekkelt stressande eksamenstid! ser da e ei stond sio du har skreve da, men hond.
imponert øve at du faktisk har skreve på heilt reint nynorsk (eh. a-ending elle e-ending? a. AAAAH!), sjøl om du bur i tigerstadn.
ellers, e du lykkeli? når eg åpna vinduet mitt tidligare i dag sto da ei luring utenfor haukehallen og ropte nåke insti på elgen. ve sio av han sto da mangen hyklara å lo, so eg skaut på dei med konfettipistolen min :) that made my day!
-ingrisl