onsdag, mai 02, 2007

Følelsen av tomhet....



Uret viser 23.15. For ein knapp halvtime sidan blei Champions League semifinale kamp 2 mellom Milan og mine engelske venner blåst av. Resultat: 3-0 til Milan, 5-3 sammanlagt, og avansement til finalen for italienarane. Me er utslått....det såg så lyst ut etter sist tirsdag med 3-2 seier på overtid, og ein finale blinkande i det fjerne, 8 år sidan sist.




Denne karen scora 3-2 målet :)









Slik skulle det ikkje gå. Milan tok leiinga etter 11 min, og då ringreven Seedorf la på til 2-0 etter 30 min etter ein førjulspresang frå vår argentinske venstreback, fann eg ut at dette ikkje var vår kveld. Dei raude djevlane sitt spel var stilleståande og fantasilaust, og særs få sjansar blei produserte.


3-0 kjem på ei kontring 12 min før slutt.


Kampen blir blåst av.



Tomhet....





Slik føler ein seg då (sjølv om ein ikkje spelte kampen)
Men me skal reise oss. I år blir det sannsynligvis ligagull etter 4 års pause, og kanskje attpåtil ein FA-cup seier mot rubel-Chelsea :)
Keep the red flag flyin' high, 'cause Man United will never die!
God natt :)

1 kommentar:

Sindre aka Sid sa...

dette var rart. på det samme tidspunktet som du følte tomhet, følte jeg bare en blanding av skadefryd og likegyldighet.
:)