fredag, september 22, 2006

Bursdag og greier....

Ja, i dag fylte underteikna 21 år(!!!) Fytti so årå går... Dagen blei innleda med fleire forsøk på å overtala Blix til å droppa 1.forelesning på MF i solidaritet med oss andre, men Mr. Riska ville ha seg fråbedt den slags useriøs tull og satte avgårde til MF i høgt tempo :)
Kl 12 kom eg og Lars Tore, mens leilighetens rutinerte fjerdemann dukka opp kl 2. Dagen på skulen va ærlig talt ikkje det mest spennande denne karen har vore med på, men overlevde ihvertfall. Etter endt skuledag spanderte gutta i leiligheten + Chris, Knut, Ole og Arne pizza på Peppes :) Takk ska deko ha, folkens!

Deretter bar det avgårde til Voldsløkka, og dagens Oldenborg-trening bar preg av at eg og K.A hadde hatt heller knapp tid til å forbereda. Seinare på kvelden kom Hanna, Ingeborg Lie, Chris og Knut på visitt. Med seg hadde dei Elisabeth Haugen, so har komme til Tigerstaden for å få litt avveksling frå trønderbartar og høgteknologi i Trondheim.

På lørdag blir det kombinert innflyttingsfest/84,5 års dag her i Motzfeldts gate. Heimelaga kaker vil bli servert. Alle Sagavoll-folk og kjente e hjertelig velkomne. Ta gjerne med litt snop :)

Til slutt vil eg takka for alle dei koselige gratulasjonane eg har fått idag...både på sms, msn, pr telefon og in person. Deko va med på å gjera dagen knallbra! :)

mandag, september 18, 2006

bloggen i gang

Hei! Etter gode anbefalingar frå Jan Tore har eg skaffa min eigen blogg. Her kjeme det til å dukka opp både seriøse og useriøse nyhendeartiklar i ny og ne :)

I dag va MF-gjengen på ekskursjon (ekspedisjon/reise) til ein moské her i Oslo. Det va ganske interessant....sjølv om eg slumra litt i slutten..hehe. Middag blei konsumert på Bislett Kebab, ein kulinarisk opplevelse. Ellers så har Oldenborg Dame 7'er vunne nok ein seier med meg og K.A. ved trenarroret. 14-1 blei det ikveld. Jentene spelte knallbra og gjorde trenarhjartene våre stolte :) Dei 2 andre kampane me har styrt laget har endt med seier 6-0 og 5-1, så trenarkarrieren har virkelig fått ein flying start :)
Brann vant 5-3 mot Sandefjord igår, så kanskje det blir bergensk seriegull for første gong på 43 år!!!! Då ska eg farga håret knall rødt...kjeme til å sjå heilt dust ut, men det vil vere verdt det :)

No nærme klokko seg midnatt, so det e på høg tid å tenka på loppekassen, men først må rommet ryddast littegrann. Go natten! (so blix ville sagt det) =)