mandag, juli 30, 2007

Norheimsund-treffet for Sagavoll 05/06-kullet....INFO!!!

NORHEIMSUND-TREFFET

Velkomen til Norheimsund, ei perle mellom fjord og fjell i Hardanger, og ikkje minst åstad for sommarens treff for Tidenes Sagavoll-kull, nemleg 05/06!!! :)
Tid for å mimra, tid for å prata om alt som har skjedd sidan sist, tid for å berre
"vere"!

Fantastisk at nettopp DU kjem!!!! Me vonar og trur at dette blir ei triveleg helg med mange gode opplevingar saman
med masse flotte menneske :)

Vidare fylgjer litt info.

Tid: torsdag 2.august til sundag 5.august

Ankomst: Me reknar med at dei fleste kjem torsdagen, medan nokre dukkar opp dagen etter.

Påmelding:
MELD FRÅ KVA DAG OG EVT CA KVA TIDSPUNKT DU KJEM på mail sagavoll0506@hotmail.com, eller til Erlend
på Facebook snarast mogleg. MELD OGSÅ FRÅ OM DU IKKJE KJEM (t.d på facebook-event'en er det ganske mange som står oppført på "maybe attending"). Dette gjer det enklare for oss å ha oversikt her i administrasjonen :)

Dersom du kjem med buss, er det buss-stopp i nærleiken av der me skal overnatte, evt kan me plukka deg opp i Norheimsund sentrum. Hugs då å melde frå kortid du er her på telefon til Erlend (41 20 82 68)
Me oppfordrar folk til å køyre mest mogleg samla (flest mogleg i bilane - folk frå same plass etc), fordi det er ein fordel miljømessig sett (både sosialt og mht global oppvarming no i desse ulvetider) :D Dersom du kjem før torsdag (onsdag), er det heilt i orden. Likeeins dersom det er nokon som blir til mandagen. Hugs å spesifisere dette i påmeldinga.

Fint viss dei som skal køyre med eigen bil kan melde ifrå også.

Overnattingsstad:
Me bur gratis på Norheimsund Vidaregåande Skule, som ligg ca 3 km frå sentrum retning mot Bergen. (dersom du skal finne køyrerute på internett, er adressa Dalatunv. 40, 5600 Norheimsund. Tlf 56 55 65 00).
Av dei få krava som me vert stilt, er at me har brannvakter om nettene. Dette tar me ein runde på torsdagskvelden, slik at folk kan melde seg frivillige. Brannvakt er gøy! :) Dessutan vaskar me ut på søndagen.

Ta med:
- Sovepose/dyne
- Liggeunderlag
- Det du treng av utstyr til personleg hygiene
- Klede & sko
- Pengar til mat og underhaldning
- Beachvolleyball viss du har
- Fotballsko for fotballinteresserte
- Godt humør

Dersom du treng noko anna for å føle deg tilfreds, komplett og fullstendig til stades; ta det med! :)


"PROGRAM"
Me satsar først og fremst på at det skal vere ein avslappa og "chill" atmosfære denne helga. Mange har tatt seg fri frå jobb og
strev og møye og har kanskje ikkje så lyst å trykka på turboen heile tida. Likevel er det alltid greit å ha noko folk kan ta seg til, enten
felles alle saman og i mindre grupper. Difor har me fylgjande forslag:

Torsdag:
Ikkje noko spesielt opplegg. Me møtes. Sosialt samvær. Kosing & klemming :)

Fredag:
Tur til vakre Bergen by for dei som vil - Reiseleiar: Sid. I nabobygda til Norheimsund (ca 7 km køyring) er det både bowling og golfbane for dei som vil det. På kvelden blir det fotballkamp på Norheimsund Stadion mot juniorherrelaget til Norheimsund. Då reknar me med at alle møter
opp og heiar fram laget til siger i god 05/06-ånd! :)
Etterpå blir det felles kvelds med panoramautsikt over bygda oppe hjå Erlend.

Laurdag:
Tur til Folgefonna skisenter for dei som verkjer etter å ha snø under beina (skia). Fjelltur dersom interesse og godlynt vêr. Golf og bowling for dei som vil.
Felles grilling @ Sindre's mansion ca kl 18.

Søndag:
Pakking og vasking. Avskjed (snufs!). For dei som ikkje reiser heim denne dagen, finn me på eit eller anna kjekt :)

Dersom det for ein gongs skuld blir fint vêr denne helga, er det mange flotte badeplasser, og også beachbane i sentrum. I motsetnad til kva mange trur, er det ein relativ storleik på Norheimsund, og me har både masse matbutikkar, pizzarestaurant, kebabsjappe, KRIK, kunstgrasbane, ballbinge m.m. Altså noko for einkvar smak.
Sannsynligvis har me også tilgang på ein kjempeflott bedehuskjellar (den er betrakteleg finare enn kva ordet tilseier). Her er det gode sofaer, bordtennisbord, airhockey, scene (m/instrument?) og storskjerm m.a. Dette kan t.d. vere ein aktuell hengeplass dersom
regnet ausar ned.

Desse aktivitetane er ikkje noko tvang, berre moglegheitar og forslag til ting det går an å finna på saman med dei kjekke folka du har rundt deg denne helga. Forslag til andre aktivitetar vert teke imot med stor takksemd. (Kanskje nokon t.d. vil ha ein mini-konsert, vise film frå Sagavoll e.l.)

Til slutt vil me presisera at me ikkje har emailadressene til alle saman (det at me begge har årbøkene utilgjengelege er heller ikkje med på å gjera saken betre, så me oppfordrar alle som får denne mailen til å senda den vidare til andre på 05/06-kullet. På den måten er me då omtrent 100% sikre på at ALLE får den, uansett om dei skal på treffet eller ikkje. Det er betre å få 37 mailar for mykje enn 1 for lite! (i dette tilfellet) :)

Me håpar me har fått med det meste (i alle fall det viktigaste) i denne mailen. Nokre vil kanskje reagere på at alt er skrive på nynorsk, men me håpar at alle forstår det viktigaste. Dersom du er hugen på meir info, ser at me har
gløymt noko, ikkje veit kor Norheimsund ligg, eller rett og slett ikkje liker/klarer å lesa nynorsk, send mail til

sagavoll0506@gmail.com eller ring:
Sindre (93 84 09 21)
eller Erlend (41 20 82 68)

For dei som har Facebook, ta kontakt med oss der eller sjekk ut event'en Rebekka har laga.

Då står det berre at å ynskja nettopp DEG hjarteleg velkommen til Norheimsund!!! :)

Vyrdsam helsing
Administrasjonen
v/ Erlend "The Skink" Skeie Langeland
& Sindre/Sid "The Hunk" Stene Kolstad