mandag, mars 26, 2007

Fest og moro i kollen m.m

Jaja, då e det omsider klart for ein oppdatering. Grunnane til at det har tatt 2 månader e mange; problem med innlogging til blogger, maskina har låst seg fleire gonger når eg har skrive innlegg + at eg har vore litt giddalaus. Her e ihvertfall nyaste oppdatering:

16.-17.mars skjedde ein av årets større sensasjonar. Blix kom stormande heim på fredagen rundt middagstider og utbasunerte at han skulle ut på tur og overnatta langs Holmenkoll-løypene. For dei av oss som kjenner Blix er det ingen hemmelighet at Stavanger-gutten med dei dyre D&B-skoa har heller lite friluftserfaring. På ein skala frå 1-10 ligge han nederst. Det e heller ingen hemmelighet at me andre gutta (JT, LT og meg) sjelden e ute i naturen med sekk og sovepose - me KRIK-gutta frå 05/06-kullet har tross alt eit rykte å ta vare på!

Kva hadde skjedd med Blixegutten???? Spørsmåla surra gjennom hodene våre. MF-Jon hadde drive og overtalt han heile veka, og omsider hadde Blix slukt agnet rått. Det må nevnast at det meste av utstyret og kleda Blix tok med seg på turen, fekk han låne av Jon.

Full av iver prøvde Blix å hause oss opp til å bli med. Eg tenkte: "Why not? Dette e ein once in a lifetime sjanse," og sa ja. Tross store protestar og usaklige argument frå dei to andre pakka me og gjorde oss klare. At Blix ikkje e særlig turvant, fekk me nok ein bekreftelse på då me ferska han i å pakka ned ein porselenskopp han hadde tenkt å bruka ute :)




Litt seinare sto me på Majorstua t-bane, klare til tur. Sammen med Jon og fleire andre rutinerte turgåarar kom me etter kvart fram til Jon's spot, med orkesterplass til skiløypa.


For dei som ikkje har vore i Kollen kvelden før verdenscuprennet; det e ein kjempestor folkefest med innslag av store mengder ildvann. Mengder av menn i sin beste alder som forlet kone og barn for eit par dagar for å ha skikkelig guttetur i skogen. Boomblastere dundret overalt, og stemninga va høg. Me traff masse festlige folk denne kvelden; folk som hadde med seg motorsager, folk som dreiv og hogga ned greinene dei satt på, og sist men ikkje minst Vegard. Vegard va ein artig kar med kjappe replikkar og fine dansemoves. Etter mykje prat blei me invitert bort til snøborga han og gjengen hans hadde bygd.




Odd Magnus og ein barnevernspedagog med stor trang til å synge barnesangar. Odd Magnus til venstre.











Henrik sammen med ein ny venn


















Dette blinkskuddet av eit bilde ser noko suspekt ut med tanke på kva underteikna har i hendene/fanget, men eg vil dementera alle rykter som må ha oppstått. Den einaste drikka eg rørte denne kvelden var vann & kakao. Vegard (til venstre i bildet) insisterte på at eg sku helda drikka hans mens han skar opp spekelår til servering. (Sitat Vegard: "det er to ting asylsøkere liker å få. Det ene er kniver, det andre er spekemat") Ufattelig ka visdomsord som ein kan komma med når ein e i slaget :-P






Blix fekk håndhilse på skilegenden Oddvar Brå. I år e det 25 år sidan han brakk staven i VM, og i den anledning va han og fleire av gamlegutta frå -82 og festa og mimra om gamle dagar.
Møtet med Brå gjorde mildt sagt stort inntrykk på Stokka-gutten :)








Etter fleire timar i festlig lag var det på tide å få litt søvn. Før avreise hadde underteikna grua seg litt til dette, då soveposen min ikkje akkurat e beregna for bruk vinterstid. Men rett før avreise frå Majorstua fekk eg låna ein skikkelig FIX-sovepose av Blakstadheias store datter (takk, Karianne!), så eg sov godt inne i lavvoen, til tross for at eg låg klint oppi ein halvvåt teltduk pga Blix sitt plassbehov. Før han sovna, presterte Blix å vrenga soveposen sin, men villmarkens store sønn Jon tok affære og vekte gutten og fekk han til å ordne opp. Godt å sjå at min sambuar e i trygge hender.

No e det ganske seint ein mandags kveld, og for ein flittig student e det på tide å finne køya, så får han heller skrive meir på dette innlegget ein annen dag :)

3 kommentarer:

Chris sa...

Venta i spenning på boka og filmen!!(forslag til tittel: Blix, villmarkens stesønn) :-)

Kjetil sa...

Hehe... Eg har jo fått servert historien før, men fy flate så gøy det e! :)

Beate sa...

Hey Erlend!
Du e blitt "tikka" av meg i den kjekke og populære bloggtikken! Gratulera! so no må du ta turen inn på bloggen min, for å sjå kossen detta her fungere;) Lykke t!