søndag, desember 03, 2006

tilbake på gamle trakter....

Har fått gjentekne oppfordringar om å skrive vidare på forrige blogginnlegg, so here it comes :)

torsdag 2.november.....ein Golf rulle inn på parkeringsplassen på Sagavoll. Inni den sitte 1/4 av KRIK-guttane frå det legendariske 0506-kullet. FJORÅRSTREFF!!!!! skjønt det begynner dagen etter, ser me vårt snitt til å komma ein dag for tidlig.
Det føles så riktig då me går ut av bilen. Det e so å ve heime igjen. Heime....på Sagavoll. For denne skulen blei sannelig ein heim skuleåret 2005/06. (for å låna eit sitat frå ein knallbra internatskule i Kvam; Framnes (som forøvrig underteikna aldri gjekk på av ein elle anna merkelig grunn: "Denne skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule).

Denne kalde torsdagskvelden....det føltes so ein evighet sio me hadde vore her på Sagavoll sist, men samtidig føltes det som om me nett hadde komme tilbake frå ein ferie, klare til nye veker med lange kveldar, fotball i gymsalen, latter og moro, god mat, uforglemmelige øyeblikk, kort sagt: dagliglivet på Sagavoll :)
Men; om dette hadde vore i fjor, hadde eg gått bort til rommet mitt (G5), låst opp og kasta all bagasjen inn, og så gått bort i dagligstova for å helsa på folket. Men - dette går ikkje i år....eg og Sid bur ikkje lenger på G5....det bur noken andre der!!!! Noken andre! På rommet mitt. Det føles ganske rart....eg e heime, men kan ikkje gå inn på mitt eige rom.... Me tar anyway ein tur inn på Granheim og sjekkar stova. Ifjor var det synonymt med rot, nudelrestar overalt, jalla-plakatar og poker. I år....

Det ser faktisk ryddig ut.....det heng innramma bilder på veggane...noken gitarar ligg framme.. Kjøleskapet e fullt. Ifjor va grunnregel nr.1 på dette punktet: helst ikkje sett noko spiselig i kjøleskapet! Viss du gjer det, er det seriøst stor sjanse for at det forsvinn i løpet av nokon få dagar, og ingen vil innrømma kven som har gjort det. Årets kull har ikkje kjøpt inn eit mini-anlegg frå Europris til å la kvalitetsmusikk strøyma ut i Granheims nederste etasje. På innsida av døra til bøttekottet heng imidlertidig plakaten eg hengte opp der ifjor.....av ein sint ape som sitt i telefonen med haugevis av ark overalt på kontoret sitt....eit symbol på dagens hektiske og stressande samfunn....eit scenario milevis ifrå folkehøgskulelivet....) Bra at noken små spor frå fjoråret er att....


Søndagen tok me ein tur på Granheim 1 og såg på koss jyplingane hadde fare med romma våre. Eg vart mildt sagt sjokkert då eg såg G5. Ingenting, absolutt ingenting på veggane.....ingen bilder, ingen fotballskjerf, ingen simpsonsplakatar, ikkje 15-20 ulike hodeplagg (Sid). Noko med det mest karakteristiske med G5 ifjor var at det var ein god del ting her, rettare sagt: MANGE ting. Rommet med det rare i, blei det kalla. I år.....om ein legg masse godvilje til, kan ein kalla det spartansk. Ikkje TV, 100 DVD'ar, kun eit lite fjerteanlegg, total mengd klede som knapt utgjer 1/27 av garderoben til Sid, ikkje masse dilldall og duppedittar.
Men, verst av alt...i mi tidligare seng var det digre koseputer(!!!!!!) Ikkje særlig maskulint...Huff og huff...koss skal det gå med verden? :D


Granheimsgutta 05/06 samla under fjorårstreffet :)

Det føltes so riktig å vere på Sagavoll igjen. Ein god følelse :) So masse bra folk, so god stemning. Treffa lærarane og personalet igjen. Henga i dagligstova, der utallige timar blei tilbrakt i løpet av fjoråret. Få servert framifrå mat i matsalen. Gå på kiwi og handla snop. Snakka med folk ein ikkje har sett på lenge. Spela fotball i gymsalen.

Helga var himmelsk! Me var i eit jordisk paradis. Helga kunne godt vart litt lenger. Tida går so altfor fort sånne gonger. Det e so masse ein ikkje får tid til. For eksempel ta bilder. Eg e skikkelig lite flink til å ta bilder, og tar altfor få. Dei fleste bildene eg har frå ifjor har eg fått av folk som takk for at dei fekk legga dei inn på pc'n min og brenna dei ut. Ein stor takk til deko (eller dykk som det egentlig heiter). Har ikkje framkalt eit einaste enno....må nesten gjere det snart...over nyttår...masse tomme rammer på rommet som treng å fyllast (og forsovidt hengast opp også).

Men eg fekk ihvertfall tatt noken, og bilde seie som kjent meir enn 1000 ord (dei fleste ihvertfall):


Sjølv om fleire av oss bur i Oslo, er det ikkje alltid me ser kvarandre så ofte. Desse karane var ihvertfall glade for å sjå kvarandre :)

Ein klassikar; fotball i gymsalen. Mange kaloriar blei brent gjennom denne aktiviteten både denne helga og i løpet av fjoråret.

Her e det Lars ("trommestikkebein") Tore som prøve å få ballen forbi Kongens lange tå.

Onde tunger ville ha det til at me tøffe KRIK-guttane ein gong i tida erklærte at me ikkje ville ha jenter med på gymsalsfotball. Dette stemmer slett ikkje; det var ein spøkefull kommentar frå ein kommande stortingspolitikar som blei mistolka av nokre sørlandsjenter med påfølgande boikott av gymsalsfotball siste halvdel av Sagavoll 05/06.

Sindre Rolv med eit eksemplar av det vanedannande og artige spelet Bingo Lie's Quest (nok eit påfunn frå Kjetil, vår ekstremt kreative sivilarbeidar!)

Bjørkheimsgutar. Ikkje la deg lura av dei uskyldige fjesa; desse tre har funne på mange sprell :)

2 stk sunnmøringar. Gjerrige på pengar, men rike på strålande smil og humor. Fantastiske folk! :)

Min kjære roomie frå ifjor; Sindre aka Sid Kolstad. Gjennomført bra fyr, avslappa holdning, stor imøtekommenhet og alltid ein halvvittig replikk på lur. Denne honk'en e ledig, damer!!! :D

To jernkvinner frå FIX - Karianne & Silje H.

Men, kor lenge var Adam (eller Eva og for den saks skyld) i paradis? Søndagen kom, og etter "the last supper" var det eit flott møte nede i møtesalen. Så for me kvar til vårt....for denne gong. Det blir forhåpentligvis fleire gonger me treffe kvarandre igjen. Sindre Rolv opner dørene i heimbygda Oppdal i vinter, og til sommaren har gutta på G5 (eg og Sid) lovd 05/06-festival i Norheimsund :)

Lar dette bildet avslutte dette innlegget; tatt tidlig på søndagsmorgonen. Bildet e ikkje noke utprega spesielt, men syns likevel det e ganske idyllisk, og dermed beskrive Sagavoll med eitt ord; idyll.

Takk til alle sammen for ei himmelsk helg! :)

7 kommentarer:

Arne sa...

D e så kjekt å lese!! Eg vett ikkje k eg sga sei, men.. d e vel en positiv ting? ;)

Anonym sa...

Velvel skink! av fotballbilde så ser d kanskje ut som om lars tore vipper ballen forbi meg, men d som egentlig skjer er at eg slår tunnel på han med høyre foten!! hehe! ikkje sant?!eller kanskje ikkje, men det e lov t å drømme!hehe Veldig bra blogg skink!!

Lillian sa...

Herrligt lesestoff erlend, det fryde mitt hjarta å finna ein oppdatert blogg!;)
Rommet G5 hadde jammen meg myssta all sin sjarm...
Det blei aldri det heilt store hengerommet, men dokk hadde jaffal 3 jenter på overnattingsbesøk der på ein gong!
Å gutten med dei store putene, ja han har eg jammen mine tvil te...aiaiai!

Silje sa...

Kanskje de e fortfatter du ska bli? :)

Sindre aka Sid sa...

jajaja.. dette va nostalgi på høyt nivå! gudd times. takker forresten for finfin kontaktannonse! :)

Lillian sa...

God jul!:=)

sindrerolv sa...

Bloggen din beskriver det som er å si! Knall skrevet og blir nesten trist å lese slikt, men føles akk så godt allikevel. Dette var året! Synd med putene...
Håper at det ordner seg med fritak fra jobb så du får til en tur til Oppdal! :D